Ein pionér innan bæring av barn i Norge!          

 

FRAMSIDA
NETTBUTIKK
Våre produkt
Ergo bæresele
Maya Wrap-ringslynge
Babywearing (bok)
Spørsmål og svar
Handle
Nettbutikk
Kjøpsvilkår
 
Babyslynga
Om oss
Kontakt oss
info@babyslynga.no

Tlf: 95 49 01 60

Nytt: Vi tilbyr no levering På Døren. Dette gir raskare levering med Bring (Posten) og du får varene utlevert på døra i tidsrommet 17-21.

Spørsmål og svar

 Generelle spørsmål:

Eg har ei flott ny og dyr vogn - kvifor skal eg bære barnet mitt?
Små barn har behov for kroppskontakt, og ei slynge er ein flott måte å tilfresstille dette behovet og samtidig ha hendene fri til å gjere andre ting. Ei stor vogn er ikkje alltid like praktisk inne, og kan også vere vanskeleg å manøvrere i trange butikkar og snøfylte gater.

 

Kor lang tid tar det før eg får tilsendt slynga?
Vi gjer vårt beste for å ha alle fargar og storleikar på lager, og normalt vil det ta under ei veke før du har slynga i hus. Dersom vi er utsolgt og må bestille varene fra USA, kan det ta to-tre veker. Vi gjer alt vi kan for at du skal få raskast og best mogeleg service!!

 

Eg er redd for at om eg bær barnet mitt, vil ho aldri ut av armane mine. Korleis skal eg klare å bære på ein 2 åring?

Barn som blir bært, får tilfredstilt behovet for kroppskontakt og tryggheit, og vil etter kvart ikkje trenge bæringa. Behov som blir tilfredsstilt vil bli borte. Og det er ingen grunn til å uroe seg for den fysiske utviklinga til barnet - alt kjem til si tid. Eg har bært på Oscar sidan han var nyfødt, han krabba rundt 10 mnd og gjekk da han var 11½ mnd.  Da han var 15 mnd, kunne han både springe og klatre. Da brukte vi slynga når han var sliten eller treng litt ekstra kos, ellers var han altfor opptatt! 

 

Spørsmål om Maya Wrap-slyngene
Vi kjøpte ein bæresele, og den var ikkje billig. Eg har ikkje lyst å bruke pengar på enda meire babyutstyr.
Ei slynge er ei langtidsinvestering, og prisen er svært lav med tanke på kor lenge du kan bruke den. Det er ikkje ofte du ser ein 1 åring i ein bæresele, rett og slett fordi mange barn er for store og tunge allereie rundt 6 månader, om ikkje før. Belastninga blir for stor på skuldrane til mamma og pappa.  Fordelen med ei slynge er at den sprer vekta utover ryggen, slik at du ikkje berre bær barnet med skuldrane. Dei fleste barn vil bli bært sjølv etter at dei veks i fra andre bæreselar, og da er det svært praktisk å smette babyen nedi ei slynge på hofta.

Slynga støttar dessutan heile kroppen til barnet, noko som er svært viktig i dei første månadane. Med enkelte bæreselar, får ein inntrykk av at babyen "heng og dinglar" utan skikkeleg støtte.

 

Eg er lita og tynn, mens mannen min er høg og kraftig. Må vi bestille to slynger?

Sannsynlegvis ikkje. Slynga kan justerast, og medium passar dei aller fleste. Hugs at når det gjeld slynga, har pappa ikkje behov for ein lang stoffhale. Dersom du er i tvil, sjå oversikta over slynga

 

Kan eg bruke Maya Wrap-slyngene til ein nyfødt baby?
Javisst, slynga kan brukast til små babyar. Dette gjeld også premature babyar som ofte er for små for vektgrensene til bæreselane. Du strammar rett og slett slynga til den sit godt og tett rundt barnet. Er barnet svært lite, kan du heve barnet litt ved legge ei lita pute eller eit samanbretta teppe i slynga før du legg barnet nedi.

 

Spørsmål om Ergo bæreselen

Må eg ha hjelp til å sette barnet mitt i Ergo bæreselen på ryggen?
Nei, du kan fint klare det sjølv. Vi anbefaler at du får hjelp i starten, før du kjenner deg trygg på teknikken. Det er lurt å øve seg framfor eit speil. Det er viktig at du alltid held barnet ditt med minst ei hand når du set han oppi selen.

Kan barnet vende utover når eg bær han på magen?
Det unike ved Ergo bæreselen er at barnet sit på baken inne i selen slik at ryggrada får god støtte. Derfor kan barnet ikkje vende utover.  Dette er vanlegvis ikkje noko problem, fordi barnet kan få god stimulans ved å sjå ut til sidene og titte fram bak ryggen din.

Vil Ergo bæreselen passe til både meg og mannen min? Han er mykje større og høgare enn meg.  
Ergo bæreselen passar personar mellom 153 cm og 192 cm. Du kan justere selen i midja, på skuldrane og over brystet får å få den til å passe din kropp. Ein kan ha hoftebeltet rundt midja eller på hoftene. Du kan også få kjøpt forlengar til beltet.

I Ergo bæreselen sit barnet mitt med beina rett ut. I andre bæreselar heng beina ned. Er dette bra for han?
Ein av dei store fordelane med Ergo bæreselen er at barnet sit på rompa, i staden for å henge med press på underlivet. Når barnet heng, kan det føre til for stort press på underlivet, ryggrad, og hoftene. I den sittande stillinga gjer at vekta er fordelt utover hoftene, låra og ryggrada, noko som er mykje betre for barnet.  Det at beina stikk ut til sidene er ikkje noko problem.

Er ikkje prisen vel høg for ein bæresele?
Samanlikna med liknande produkt, er Ergo bæreselen eit svært rimeleg alternativ. Andre bæreselar kostar ofte meir, og kan berre brukast til barnet veg ca 10 kg. Men dette blir for tungt for skuldrane dine lenge før dei når vektgrensa, fordi all vekta ligg på skuldrane dine.  I ein tradisjonell bæresele, kan du berre bære barnet på magen, noko som gjer det vanskeleg å bruke armane. 

Ein bæremeis gir betre støtte, men er stor og tung i seg sjølv. Dessutan er bæremeisar ofte dyre. Det er ikkje mange som tar på bæremeis for ein kort tur i butikken, når dei skal lufte hunden,  eller når ein skal lage middag og barnet har behov for kroppskontakt - men det kan du gjere med Ergo bæreselen! I tillegg fungerer Ergo bæreselen svært godt på lengre turar i fjell, skog og mark, eller på bytur. Vi har brukt Ergo bæreselen nesten kvar dag -både inne og ute - sidan Oscar var 7 mnd, og sånn sett har det vore ei svært god investering!

 

 

Har du andre spørsmål? Kontakt oss på silje@babyslynga.no

Skryteside
Fotogalleri
Kjendisar med slynger

 

Om bæring

Fordelar med bæring

 
ERGO bæreselen vart nyleg kåra til eit av 20 beste produkt for småbarnsforeldre dei siste 20 åra! 

 
Maya Wrap-ringslynga pryda framsida til Mothering Magazine våren 2007. 

Instruksjonar

ERGO bæresele
Maya Wrap


 

Kjendisane elskar
Maya Wrap!

 

Har du spørsmål om bæring? Vil du treffe andre bærarar? Besøk  diskusjonsforumet for bæring; www.tettinntil.com

 

 Web www.babyslynga.no     Adresse Postboks 86, Holmenkollen, 0712 Oslo     Telefon 95 49 01 60     Epost info@babyslynga.no     Org.nr.  986 978 232 MVA