Ein pionér innan bæring av barn i Norge!          

 

 
Våre produkt
Ergo bæresele
Maya Wrap-ringslynge
 
Babyslynga
info@babyslynga.no
Tlf: 95 49 01 60

 

 

Maya Wrap ringslynger


Maya Wrap ringslynger er eit langt stoffstykke, med to metallringar i eine enden. Den andre enden trer du som i ei beltespenne. Stoffet ligg spreidd utover ryggen din, slik at ryggen - ikkje skuldra - tar det meste av tyngden.


Maya Wrap-slyngene er laga av 100% handvove bomull fra Guatemala. Dei er svært slitesterke, og finst i mange ulike fargar. Skuldra er lett vattert, og på stoffhalen er det ei praktisk lomme med glidelås.

Slynga blir levert med instruksjonsfilm på DVD.                                                                   Pris: kr. 579,-

  

   

Sjå fleire bilde i fotogalleriet vårt


 

  • Perfekt for amming. Slynga held barnet i posisjon, så du kan ha armane fri, f.eks til å leike med eldre søsken.  Du kan også legge stoffhalen over barnet, dersom du ønsker å amme diskret.                

  • Langtidsinvestering. Mange bæreselar er ikkje laga for premature barn, og er lite komfortable når barnet blir større. Maya Wrap-slynga kan brukast fra barnet er nyfødt (også premature) opp til fleire år (ca 17 kg)

  • Konkuransedyktig pris. Maya Wrap – slynga er vesentleg billegare enn andre liknande produkt

  • Regulerbar. Alle sider av slynga kan justerast til å passe deg og barnet ditt

  • Flott for begge foreldra. Den lange halen med ekstra stoff gjer det enkelt for store personar å bruke slynga. Mindre personar strammer den så mykje som nødvendig.  Det betyr at fleire personar  kan dele samme slynga utan å måtte justere spenner og selar slik som på andre bæreselar.

  • Allsidig. Slynga kan brukast i mange ulike stillingar: på magen, hofta, eller ryggen. Barnet kan ligge, sitte, og vende inn-eller utover. I tillegg kan slynga brukast som teppe, stelleunderlag, gulpeklut, skygge for sola, sele til barn som kan gå og pute på handlevogna.

  • Praktisk lomme med glidelås

  • Tar liten plass. Slynga får plass i ei veske når den ikkje er i bruk.


Fargar: Sjå nettbutikken for tilgjengelege fargar.


 

Storleik:
Small      (lengde: 180 cm) (for spedbygde personar under 160 cm)
Medium  (lengde 195 cm)
Large     (lengde  210cm) (for kraftige personar, eller personar over 190 cm)

Den einaste skilanden er lengda, ca 15 cm for kvar str. Den lange stoffhalen gjer det lett å justere slynga til å passe din kroppstype og barnet ditt. Vi tilbyr slynga i str medium som lagervare. Denne passer dei aller fleste. Vi kan også levere str small og large med ei leveringstid på 2-3 veker.

  

 

 
ERGO bæreselen vart nyleg kåra til eit av 20 beste produkt for småbarnsforeldre dei siste 20 åra! 

 
Maya Wrap-ringslynga pryda framsida til Mothering Magazine våren 2007. 

 
 


 

Kjendisane elskar
Maya Wrap!

 

Har du spørsmål om bæring? Vil du treffe andre bærarar? Besøk  diskusjonsforumet for bæring; www.tettinntil.com

 

 Web www.babyslynga.no     Telefon 95 49 01 60     Epost info@babyslynga.no     Org.nr.  986 978 232 MVA