Ein pionér innan bæring av barn i Norge!          

 

FRAMSIDA
NETTBUTIKK
Våre produkt
Ergo bæresele
Maya Wrap-ringslynge
Babywearing (bok)
Spørsmål og svar
Handle
Nettbutikk
Kjøpsvilkår
 
Babyslynga
Om oss
Kontakt oss
info@babyslynga.no

Tlf: 95 49 01 60

Nytt: Vi tilbyr no levering På Døren. Dette gir raskare levering med Bring (Posten) og du får varene utlevert på døra i tidsrommet 17-21.

 

Om Babyslynga

 

Min reaksjon da eg første gang såg ei slynge, var at ei slik hippie-greie skulle iallefall ikkje eg ha! Eg hadde da ein moderne bæresele, skapt for ein urban livsstil! Problemet med bæreselen var at sonen min, Oscar, var for liten. Han vart 2.7 kg da han var født, og bæreselen hadde ei nedre vektgrense på 3,5kg. Etter 4 månader var Oscar blitt såpass tung at selen ikkje lengre var behageleg - det vart for slitsomt for skuldrane. Heldigvis hadde eg arva ei slynge etter ei venninne, og denne har vore i flittig bruk!

Eg har bodd fleire år i USA, og der har eg sett mange ulike slyngevariantar i bruk. Likevel har eg aldri finne eit slikt produkt i Norge. Ein får sjølvsagt kjøpt mange ulike bæreselar og bæremeisar i norske butikkar, men det unike med slynga er at ho er så allsidig og kan brukast i fleire år. Designet er genialt enkelt, og det er nok derfor du finn liknande bæreslynger hos dei fleste folkeslaga rundt om i verda.

Eg kunne ikkje la vere å dele dette flotte produktet med norske småbarnsforeldre, og ideen til Babyslynga tok form. Nettbutikken opna i juni 2004.

I september 2004 kunne vi tilby nok eit suverent produkt: Ergo bæreselen. Eg har brukt denne  sidan Oscar var 7 mnd. Ergo bæreselen er ein av mine favorittar blant babyprodukt, og eg er svært glad for å kunne gjere  dette tilgjengeleg for  norske foreldre-

Eg bar Oscar etter behov fram til han var omtrent 2.5 år. Da ville han helst gå sjølv, og ERGO bæreselen vart mest brukt når han var sliten. Samtidig var eg gravid igjen, men det var ikkje noko problem, eg bar Oscar på 18 kg fram til midten av svangerskapet. Med magebeltet under magen, passa ERGO bæreselen komfortabelt etter som magen vokste.

I april 2006 vart Erica født, og ho har budd i slynga sidan ho var eit par timar gammal.  Med ein aktiv treåring var eg avhengig av å ha armane fri og å kunne amme på farten.  Fra Erica var tre månader gammal brukte eg også ERGO bæreselen, som fungerer flott når eg vil fordele vekta på to skuldrar og hoftene.

Vi håper du vil ha like mykje glede av slyngene som vi har hatt!

Mvh,

Silje Urke Deuerlein
Dagleg leiar
Babyslynga


 

Skryteside
Fotogalleri
Kjendisar med slynger

 

Om bæring

Fordelar med bæring

Dagbladet-artikkel om bæring

 

 
ERGO bæreselen vart nyleg kåra til eit av 20 beste produkt for småbarnsforeldre dei siste 20 åra! 

 
Maya Wrap-ringslynga pryda framsida til Mothering Magazine våren 2007. 

Instruksjonar

ERGO bæresele
Maya Wrap


 

Kjendisane elskar
Maya Wrap!

 

Har du spørsmål om bæring? Vil du treffe andre bærarar? Besøk  diskusjonsforumet for bæring; www.tettinntil.com

 

 Web www.babyslynga.no     Adresse Postboks 86, Holmenkollen, 0712 Oslo     Telefon 95 49 01 60     Epost info@babyslynga.no     Org.nr.  986 978 232 MVA