|
I kor lange periodar kan du bære barnet ditt?
Vi blir
ofte kontakta av foreldre som er bekymra for kor
lenge om gangen dei kan bære eit barn - særleg
nyfødte - i ei slynge. Svaret er at det er inga
tidsbegrensing, verken på slynga eller ERGO
bæreselen.
Mange foreldre er blitt råda av helsepersonell
til å ikkje bære barnet i meir enn korte periodar.
Men dei fleste barn vil bærast meir enn 20
minutt av gangen! Slike råd er basert på ei
heilt anna type bæreanordning enn det vi i
Babyslynga tilbyr. Dei fleste bæreselane som er
i salg i Norge, er konstruert slik at barnet
heng med beina rett ned. Da må ryggraden og
hoftene bære heile vekta av kroppen til barnet,
og dette er for mykje for eit lite barn. I
tillegg gir det stort press på underlivet til
barnet. Ei
slynge er noko heilt anna.
I ei slynge kan barnet ligge komfortabelt som i
ei hengekøye. Ein kan også bære barnet
vertikalt. Da vil heile kroppen få støtte av
det stramme stoffet; barnet heng altså ikkje og dinglar slik
som i enkelte bæreselar.
ERGO bæreselen er laga slik at barnet sit på
rompa heilt inntil deg, slik at det får
støtte av kroppen din. Dette er ei meir naturleg
stilling enn å henge med beina dinglande rett
ned.
Kiropraktor Rochelle L.
Casses, D.C.,
har skrive ein forskningsbasert artikkel om
bæreselar og press på ryggraden hos babyar.
Ifgl. henne skal ei god slynge ha desse
eigenskapane:
-
God hodestøtte før barnet kan holde
hodet sjølv. "Ei slynge omsluttar barnet
akkurat som armane dine, mens ein vertikal
bæresele faktisk kan gi ein slags
wiplash-skade".
-
Barnet bør ikkje ha for mykje vekt på
hoftene for tidleg, men skal helst ligge
horisonalt, slik at ryggraden får støtte.
-
Når
barnet vil sitte oppe (rundt 4-5 mnd), bør
slynga eller bæreselen gi barnet sjansen til
å sitte med beina i kors, slik at vekta
er fordelt utover beina og hoftene. Om
barnet sit i ein bæresele der beina heng
rett ned, vil den umodne ryggrada måtte bære
heile vekta.
Det er
også ein fordel om ein kan amme barnet i slynga
og variere bærestillinga.
Både
Maya Wrap-slyngene og ERGO bæreselen møter desse
krava. Barnet kan ikkje sitte med beina i
kryss i ERGO bæreselen, men fordi barnet sit på
baken med beina spreidde utover, vil det i
realiteten vere det samme.
Heile
artikkelen finn du
her.
|